Menu

Nytt håp

Nytt håp Norge – Vida y esperanza Bolivia

Styret for Prosjekt nytt håp

Prosjekt nytt håp er registrert som ein organisasjon i einingsregisteret. Nytt håp vert leia av eit styre. Det styret som sit no, vart oppretta ved skipinga av Nytt håp.

For at vi skal vere litt fleire som passar på at ting skjer som det skal, har vi laga eit styre. Eg, Niklas, og kona mi Miriam, fekk med oss Ola Kåre og Marit Risa på å stifte organisasjonen. Det var òg vi som var styret frå byrjinga. I tillegg har vi lova ein styreplass til Menigheten Sion i Blomsterdalen. Dei har vedteke å støtte oss og gjev oss viktig økonomisk ryggdekning no i oppstarten. Eg ser på det som ein styrke at nokon utanfrå kan vere med å kikke oss i korta, og gje oss litt større tyngd. Eldstegruppa i Sion har peikt ut Arne Dyngeland som deira representant.

Skrevet av Administrator onsdag desember 17, 2008

Permanent lenke -

« Dette er Prosjekt nytt håp - Saksliste til årsmøte 2017 »