Menu

Nytt håp

Nytt håp Norge – Vida y esperanza Bolivia

Dette er Prosjekt nytt håp

Prosjekt nytt håp i Noreg har som føremål å finansiere den bolivianske delen av organisasjonen. Dette er det Nytt håp var etter at vi hadde starta opp våren 2008

Prosjekt nytt håp er ein norsk organisasjon, registrert i einingsregisteret i Brønnøysund. Som det går fram av vedtektene er formålet å støtte Nytt håp i Cochabamba i Bolivia. Det er altså eit organisatorisk skilje mellom oss i Noreg, som står for finansieringa, og dei i Bolivia, som står for utføringa av arbeidet. Dette skapar klårare linjer i forhold til økonomi og ansvar. Likefullt står vi eitt hundre prosent bak det arbeidet som skjer i Bolivia, og begge vegar rådfører vi oss med kvarandre om kvar vegen går vidare for organisasjonane. Prosjekt nytt håp er difor ein organisasjon som har som hensikt å finansiere Nytt håp i Cochabamba (la fundaci�n nueva esperanza) ved hjelp av kontingenten som våre medlemmer betaler inn. Prosjekt nytt håp vart etter grundig forarbeid skipa 7. mars 2008, og vi har sidan dette arbeidd med å få dei formelle tinga på plass, sånn at vi på ein ryddig måte kan ta inn kontingent og sende desse pengane til Bolivia. Dette arbeidet har vi no kome i mål med. Vi er difor med dette klare til å utføre det arbeidet vi har førebudd oss på. Difor vil vi med dette ønskje alle potensielle medlemer velkomne til Prosjekt nytt håp, og håpar de vil vere med på å gjere arbeidet mogeleg, og ikkje minst meiningsfylt.

Skrevet av Administrator onsdag desember 17, 2008

Permanent lenke -

« Kristent arbeid - Styret for Prosjekt nytt håp »